Ingeniør- og entreprenørselskapet AF Elkraft er ekspert på elektrisk infrastruktur. Vi har høge ambisjonar i eit marknad som gir oss gode vekstmoglegheiter, og vi søkjer menneske som ønskjer å finne dei beste løysingane for kundane våre, og som vil bidra med kompetansen og forståinga si i fagmiljøet vårt.

For å setje fart på elektrifiseringa og det grøne skiftet treng Noreg «meir av alt». Meir grøn kraftproduksjon, eit utvida og forsterka straumnett og auka elektrifisering av industri, transport og anna næringsliv.

– Søk no og bli med på å byggje ei berekraftig framtid saman med oss!

Vi søkjer i utgangspunktet etter to energimontørar. Dei må vere engasjerte, sjølvstendige og dyktige i faget, og kunne jobbe i team. Oppdraga vil i hovudsak tilhøyre Linja sitt område i det gamle SFE, omtalt i miljøet som Sone 3, og strekkjer seg frå Stadtlandet i nordvest til Gloppen i aust og Florø i sør. Det er ein fordel om du bur i dette området og har kjennskap til nettet, då aktiviteten i stor grad vil gå føre seg her. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag, gode utviklingsmoglegheiter og eit sterkt fagmiljø.

Arbeidsoppgåver
• Drift, vedlikehald og nyanlegg på distribusjonsnett (høg- og lågspent), samt vakt og bedredskap.
• Feilsøking og utbetring ved straumbrot
• Arbeid i høgda og med spenningsførande anlegg
• Dokumentasjon og rapportering i digitale system
• Samarbeid med kollegaer, kundar og entreprenørar

Kvalifikasjonar
• Fagbrev som energimontør
• Førarkort klasse B (klasse BE er ein fordel)
• Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
• Erfaring med arbeid på distribusjonsnett
• HMS-fokus og evne til å jobbe sjølvstendig og i team

Vi tilbyr
• Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Fleksibel arbeidskvardag og moglegheit for lokal tilhøyrsle
• Moderne verktøy og utstyr
• Moglegheit for vidareutvikling og kurs

Vi søkjer deg som trivst med, og har erfaring frå, arbeid med drift- og vedlikehaldstenester. Du er fagleg dyktig, strukturert og har gode leiar- og samarbeidseigenskapar. Du har erfaring med arbeid på nettstasjonar og linjearbeid, og trivst med arbeid i høgda. Du er løysingsorientert, har høgt fokus på helse, miljø og tryggleik, og tek initiativ i forbetringsarbeidet.

Søknadsfristen er 26. januar. Det blir oppmoda om å søkje så tidleg som mogleg, då vi fortløpande vil ta inn aktuelle kandidatar til intervju.